Ønskjer du å bidra til det systematiske tryggleiksarbeidet i DSB?

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) søkjer ein engasjert og sjølvstendig tryggleiksrådgivar til ei spennande stilling i Tønsberg. Som tryggleiksrådgivar vil du ha varierte arbeidsoppgåver innanfor systematisk tryggleiksarbeid i ein krevjande tryggleikspolitisk situasjon. Vi ser etter deg som er ein løysingsorientert lagspelar med god tryggleiksforståing og gjennomføringsevne! 
 

Du skal

  • vidareutvikle og forvalte styringssystemet for tryggleik hos DSB i samsvar med tryggleikslova 
  • ha ansvar for å følgje opp det systematiske tryggleiksarbeidet knytt til IKT-tryggleik 
  • bidra til tryggleiksopplæring av tilsette  
  • assistere ved tryggleiksgraderte anskaffingar  
  • følgje opp tryggleiksavtalar med leverandørar og delta på tryggleiksinspeksjonar hos leverandørar  
  • bidra innanfor verdivurdering og SikringsROS for skjermingsverdige objekt/infrastrukturar og informasjonssystem 

 
 

Kvalifikasjonar
 

Du må ha:

  • mastergrad frå relevant fagområde, fortrinnsvis innanfor tryggleiks- og beredskapsfag. Særleg relevant erfaring i kombinasjon med bachelorgrad vil kunne kompensere for manglande mastergrad. Kandidatar som fullfører mastergrad i løpet av 2024, er velkomne til å søkje. Utanlandsk utdanning må vere godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
  • god skriftleg og munnleg formidlingsevne 
  • følgjande personlege eigenskapar 
    • relasjonsbyggjar som bidrar til samarbeid på tvers av fag og avdelingar  
    • klar, effektiv og engasjerande 
    • metodisk og systematisk tilnærming, og god gjennomføringsevne 
    • utviklingsorientert og i stand til å finne praktiske løysingar  

 
Vi ønskjer at du har:

  • relevant erfaring innanfor førebyggjande tryggleik- og beredskapsarbeid knytt opp mot tryggleikslova med forskrifter   
  • kunnskap om og/eller erfaring med NSM-grunnprinsippa for IKT-tryggleik 
  • erfaring med personelltryggleik og objektsikring (derimellom fysisk sikring)  
  • erfaring med utvikling av styringssystem for tryggleik  

 

Vilkår
Fast stilling som om rådgivar (kode 1434), årsløn frå kr 584 500 til 759 100 (lønstrinn 60–75) eller seniorrådgivar (kode 1364) frå kr 759 100 til 895 500 (lønstrinn 75–81), alt etter kvalifikasjonsnivå.  
 
Tryggleiksklarering
Den som får tilbod om stillinga, må vere klarert til nivå HEMMELEG før tiltreding. 
 
 
Om avdelinga, seksjonen og stillinga
Seksjon for tryggleiksstyring og drift er éin av to seksjonar ved Avdeling for juridisk og tryggleik. Seksjonen har ansvar for det førebyggjande tryggleiksarbeidet i DSB og for å drifte hovudkontoret til DSB.


Som tryggleiksrådgivar vil du jobbe tett på fleire delar av verksemda til DSB. Det er viktig at du kan jobbe planmessig med tryggleiksområdet, og bidra til positivt samarbeid med andre seksjonar. Samstundes legg vi vekt på at du har ei systematisk forståing og ei praktisk tilnærming til tryggleiksarbeid. 

 

Om DSB
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 700 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.
 
 
Om å jobbe i DSB
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er ein stabil arbeidsgjevar med gode velferdsprdningar. For å arbeida i DSB må du vera tryggleiksmessig skikka og medverke til ein god kultur for tryggleik.
 
 
Hos oss får du

  • medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK). Som medlem får du verdifulle fordelar gjennom særs gode pensjons-, forsikrings- og boliglånordningar. Les meir om medlemsfordelane på www.spk.no
  • fleksibel arbeidstid
  • bedriftshelseteneste
  • høve til å trene i arbeidstida
  • tilrettelagt for mobilt kontor når det er føremålstenleg

 
 
 
I Arbeidsgivarportalen kan du lese meir om goda ved å jobbe i staten: https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise
 
 
Offentleg søkjarliste
Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste ved søknadsfristens utløp, jf. Offentleglova §25. Du har høve til å be om unntak frå offentleg innsyn. Dersom du ikkje får innvilga dette, vil du bli varsla om det før søkjarlistene blir utarbeidde. Sjølv om du har fått innvilga unntak frå offentlegheit, vil du framkomme på ei utvida søkjarliste. Denne er berre tilgjengeleg på førespurnad frå andre søkjarar til stillinga.
 
 

Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. Dette sikrar at vi har opplysningane vi treng. I tillegg er det naudsynt at du lastar opp både søknadsbrevet og CV-en som vedlegg i PDF-format. DSB vil vurdere å gjennomføre bakgrunnssjekk. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR.
 
 
Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål! Kontaktperson er 


fungerande seksjonssjef Marte Cecilie Ervik: e-post marte.ervik@dsb.no, telefon 33 41 27 67  
 
Du finn meir informasjon om DSB på www.dsb.no og ein oppdatert oversikt over utlyste stillingar finn du alltid på www.dsb.no/jobb. Velkomen som søkjar hos oss!

 

Søknadsfrist:  14.10.2024
Arbeidsområde:  Sikkerhet
Heltid/deltid:  Heltid
Stillingstype:  Fast
Sted: 

Tønsberg, NO, 3115

Stillingstittel:  Tryggleiksrådgivar